søndag 30. juli 2023

Nissen i fjellet



Når me skal utforske Nils Bergsliens naturmytiske landskap, er det mest naturleg å begynne med nissane. Nissane er kanskje det mest kjente tilbakevendande motivet hans. Delvis skuldast dette at nissar var populære postkortmotiv, og postkort var ei viktig inntektskjelde for mange kunstnarar. Men Bergslien har tydeligvis også valt sjølv, ved fleire høve, å bruke nissar i måleria sine

Ikkje berre er nissane overalt i Bergsliens kunst, men dei har også nokre spesielle karakteristikkar. Som dei fleste nissar i norsk kunsthistorie går dei med raud toppluve og gamle bondeklede, Men dei er større enn dei moderne "postkortnissane", som me kan sjå av dette bildet. Dei har sjeldan heilskjegg, men nesten alltid kinn-og kjakeskjegg. Og framfor alt har dei ein spesiell kroppsfasong: Kroppane er kraftige og kulerunde, medan armar og bein i kontrast er tynne. Dette gir dei ein noko unaturleg utsjåande fysikk som minner oss om at dei ikkje er heilt som menneske. 

(Dnene skildringa gjelde for mannlege nissar og tusser. Dei kvinnelege er tvert imot lange og tynne. Dette vil eg komme tilbake til i ein seinare presentasjon.)    

Ein slik måte å illustrere nissar på er ikkje heilt unik;  ein samtidig norsk kunstnar med mange postkortoppdrag, Andreas Bloch, framstilte også nissar med kraftige kroppar (relativt til storleiken), men med tynne bein og armar. Skilnaden er at Bloch sine nissar også hadde abnormt store hovud, og dessutan var mykje mindre, omtrent på storleik med vaksne huskattar. Dei verkar difor meir endå meir karikerte enn Bergsliens haugbønder. 

Til denne første presentasjonen vil eg samanlikne eit av Bergsliens mindre kjente nissemålerier med eit av dei mest kjente. Begge er typiske for kunstarens naturmytiske tradisjon.   


Nissen i fjellet

(Utstilt i Matsalen, Tyssedal Hotell) 

Nissane til Bergslien kan bu på garden, men ofte bur dei, som tittelen på dette verket tilseier, nettopp på fjellet. Skjønt, akkurat i dette motivet er me vel berre eit stykke opp i åsen, langt nok nede til at menneske kan komme i skade for å nærme seg nissens einemerker på veg heim frå å sanke brensel, som eg vil tru er det denne bonekona og dottera hennar har halde på med. Vegetasjonen minnar oss om at me framleis er under tregrensa; i grenselandet mellom menneska sitt domene, og vettenes.  Dette blir ytterlegare symbolisert ved av trea er pistrete og gamle (noko som truleg er grunnen til at kona kom opp hit, for å finne daude tre).


Møtet mellom folk og nissar (for ikkje å nemne andre vetter) er ikkje alltid ufarlege i Bergslien sine motiv. Vettene er ikkje berre snille. Dei kan vere skøyaraktige, ubehøvla og i nokre få tilfelle har dei vonde hensiktar.  Dette møtet er ein av hans meir godslege, men dottera er tydeleg skremd. Kva kona tenker er litt meir uvisst, ettersom me ikkje kan sjå andletet hennar tydeleg. Truleg er ho også skeptisk. Ikkje at nissen ser ut til å ta seg nær av det. Han ser ut til å more seg over situasjonen, noko som også er typisk for Bergsliens sine vetter. Sjølv når dei ikkje gjer menneska noko, kan dei likevel more seg over menneska si frykt.     

Ein kan elles merke seg at denne karen er litt enkelt kledd, sjølv til nisse å vere. Nissane til Bergslien er som nemnt ganske bondske kledd, men vanlegvis er dei meir ordentlege i tøyet enn han her. Til samanlikning kan me ta ein kikk på eit av Bergsliens mest ikoniske nissebilder:


Nissen smakar på drykken

 (måla 1900, utstilt på Galleri Berglien i Eidfjord)   

 
Her er me ikkje lenger i noko grenseland mellom menneske og vetter, langt mindre på låven.  Dette er tydeleg på vettene eine einemerker; i Berget det Blå. Verda deira er innsnevra her, bildet har ganske få detaljar, ikkje minst i naturlandskapet. Men det ser ut til å gi ei kjensle av tryggleik og ro for dei avbilda skapningane. Nissane føler seg heime, dei slappar av. Fremst sit ein litt meir velkledd (etter vetters standard) nisse i ein svært bedageleg posisjon, med både pipe og fatøl. Han kosar seg, noko ein ser tydlegare i nyansane dess nærmare ein studerer bildet. Kanskje er det kvelden. Fargen på himmelen, og måten lyset blir reflektert på i berget, kan tyde på det, saman med lampa på hans venstre side.

Motivet er, som allerie antyda, godt kjent. I tillegg til at måleriet figurerer på postkort og kunstplakatar i Galleri N. Bergsliens suvenirbutikk, er denne bedagelege nissen også avbilda på eit stort skilt utanfor galleriet.



I bakgrunnen tappar ein anna nisse (kroppsfasongen er ikkje til å ta feil av) øl frå den same tynna som den sittande nissen må ha henta drykken sin frå. Kanskje er det ein ny sats, og dei to nissegubbane gjer seg klare til å testen den nå i kveld. Ein merkar seg elles at nissen ved tynna ikkje tappar i eit glass, som det den andre nissen kosar seg med, men snarare i ei skreppe eller ein stor trekopp. Kanskje han tek med seg drykken som niste? Eller kanskje er han av lågare byrd, ein bryggeassistent eller noko, og må ta til takke med tre i staden for glas. Bergslien sine nissar er avslappa og skjelmske i møte med menneske, men i sine eigne samfunn verkar dei meir opptekne av stil, manerar og hierarki.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Jolereidi

Åsgårdsreia er eit tema som Nils Bergslien fleire gonger vendte attende til. Eg har greidd å finne fem måleri med dette temaet. To av dei ka...