onsdag 30. august 2023

Draugens sorg



(Utstilt i Matsalen, Tyssedal Hotell) 

Når han ikkje ferierte på Hardangervidda, reiste Nils Bergslien ofte til Tyssedal Hotell. Så ofte at hotellet har reist eit minnesmerke til han. Han frekventerte hotellet i ei tidsalder då bygda var i vekst grunna energi- og industriutviklinga.  Sjølve hotellet blei bygd av Aktieselskapet Tyssefaldene, og mykje brukt til forretningsmøter.

I kunsten hans finner me fleire døme på korleis Bergslien blei påverka av den nye tida han fekk sjå på nært hald.  

"Draugens sorg" er eit sjeldant døme på at hotellet har korrigert kunstaren sjølv (i alle fall i ettertid). Figuren på måleriet er ein fossegrim, ikkje ein draug. Draugar bur i havet, nøkkar bur i tjern, vatn og innsjøar, fossegrimar bur i fossar.  Ein ser dette også på fuglen som er avbilda nedst; det er ein fossekall:


Kunstnarens folkloristiske forvirring kan moglegvis sporast tilbake til eit anna måleri "Draug med havfrue" (utstilt på Galleri N. Bergslien, Eidfjord):


Måten Bergslien skildrar vasssvetter på, skil seg nemleg frå korleis han skildrar landvetter.  På den eine sida kan dei ha nokre ekstra tydelege ikkje-menneskelege karakteristika. Bergslien sin fossegrim, t.d. har store, spisse øyre, finner på leggane og svømmehud på føtene, Men kroppsbygginga er meir menneskeleg. Av kroppsfasong er vassvettene er nærmast renessanseaktige. I alle fall er dei meir kontinentale av utsjånad enn dei røslige landvettene (i første rekke nisssane).  Bergslien si framstilling av draugen i "Draug med havfrue" er ganske flatterande, og i alle fall veldig ulik Theodor Kittelsen sine meir kjente og meir monstrøse draugar. 

Når det gjeld framstillinga hans av fossegrimen er Nils Bergslien tettare opp til den norske tradisjonen. Også her er det nemleg Kittelsen som sit med mykje av definisjonsretten. I teikninga hans frå 1887 ser fossegrimen ganske menneskeleg ut. Denne teikninga kan ha inspirert Stephan Sindings Ole Bull-monument i Bergen, der Ole Bull opptrer med denne fossegrim-figuren:


Ole Bull-monumentet blei avduka i 1901. Bergsliens bilde kom nok ei god stund etter dette (sjå neste avsnittet), så det er mogeleg at Bergslien kan ha tatt inspirasjon herifrå også. Ikkje minst fordi både Sinding og Bergslien sin grim har harpe i staden for fele. Legg merke til at draugen i "Draug med havfrue" også er avbilda med harpe. Kanskjet syntes Bergslien at det var eit meir poetisk instrument, i alle fall i avbildingar, enn fele. I alle fall er det eit instrument som er lettare å støtte seg på for ein sorgfull fossegrim.

Sinding sitt val av instrument er elles litt interessant med tanke på at grimen er skulptert med den store fiolinvirtousen i norsk kulturhistorie. Både nøkken og fossegrimen har rykte for å vere særs gode til å spele fele, men berre grimen er kjent for å lære dette bort til menneske. Noko som truleg er grunnen til at han figurerer på eit monument over Ole Bull. 
'
Poenget med "Draugens sorg" er elles at fossegrimen ikkje lenger har nokon foss. Den er lagt i røyr.  Utvinning av vasskraft i bygda tok fart då Tyssefaldene blei oppretta i 1906. Den første anleggsperioden var frå 1906 til 1908. Måleria på Tyssedal Hotell er ofte ikkje merka med årstal, men ein må gå ut frå at "Draugens Sorg" er måla nokre år etter dette. Tyssedal Hotell opna den 16. mai 1912. 

Motivet er emosjonelt, men har på same tid ein satirisk snert.  "Draugens Sorg" uttrykker nok ikkje så først og fremst ei lengt etter dei game dagar før industrialiseringa av Hardanger. Føremålet til kunstnaren er meir å observere enn å protestere. Han skildrar møtet mellom gamalt og nytt, der det gamle er representert av fossegrimen. Når vetteverda og menneskeverda møtes i Bergliens bilder, er det ofte slik at vettene har overtaket. Men ikkje denne gongen. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Jolereidi

Åsgårdsreia er eit tema som Nils Bergslien fleire gonger vendte attende til. Eg har greidd å finne fem måleri med dette temaet. To av dei ka...