torsdag 21. desember 2023

Jolereidi


Åsgårdsreia er eit tema som Nils Bergslien fleire gonger vendte attende til. Eg har greidd å finne fem måleri med dette temaet. To av dei kan kallast for mytologiske. Tre andre er variantar av same motivet, og innhaldet i desse vil eg snarare kalle folkloristiske. Det er desse tre eg vil konsentrere meg om her.

* Jolereidi (1922) - Måla som sceneteppe, og befinner seg i bygget til Voss Ungdomslag, Vossevangen. Reprodusert for Frognerseteren Restaurant i Oslo nøyaktig 100 år seinare.

Heretter omtala som J1

Dette er kanskje Bergsliens mest ioniske bilde. Sjansane er store for at du har sett det, sjølv om du verken kjenner namnet på kunstnar eller verk. Bildet blir ofte brukt for å illustrere bøker og artiklar om overtru knyta til jula i gamla dagar.  Den dukkar også opp i andre samanhengar som har å gjere med jul og festleg lag; t.d. prydar den etiketten til Arvesølvets juleakevitt.

Grunna slitasjeproblem fekk eg dessverre ikkje lov til å ta detaljbilete av sceneteppet då eg studerte det på Voss Ungdomslag. I staden bruker eg eit høgoppløyseleg bilde (ovanfor) tatt av Kari Ringdal.


 Eg fekk lov til å ta eit bilde av på avstand, for å gi dykk eit inntrykk av storleiken. J1 er i mykje større format enn desse to andre, som er måla på mellomstore og små lerret.

 


 * Jolereidi - Utstilt i matsalen på Tyssedal Hotell. Fordi dei fleste måleria på Tyssedal Hotell ikkje har tydeleg tidsangjeving, kan eg ikkje seie sikkert om han måla dette før eller etter Vossabildet. men eg trur J1 blei måla sist, av grunnar som eg skal komme tilbake til seinare.

 Heretter omtala som J2



 * Jolereidi (kladd) - Kladd til J2, også utstilt i matsalen på Tyssedal Hotell.

 Heretter omtala som J3.

 Aller først kan me konstatere kva som skjer på bileta. Det er jul, moglegvis julaftan. Eit opptog av troll, nissar og andre vetter kjem på uønska besøk til ein lokal gard og lagar kaos.  Motivet spelar på gamal overtru om vetter som er spesielt aktive på den mørkaste tida av året, og frykta for å få besøk av ei julerei var utbreidd i det gamle bondesamfunnet

 Me skal studere og samanlikne dei tre bilda ovanfrå og ned, og då fann eg det mest naturleg å dele dei opp slik: Himmelkvelving, trollgubbe med følge, uthus/stove, og stabbur. 

HIMMELKVELVING

 


 Himmelen er blåsvart i J3. Det gir ei ekstra kjensle av uhygge.


 Himmelen har ein litt lysare nyanse i J2. Legg også merke til at ein kan sjå klårare detaljar i treet bak uthuset


 I J1 er det ein viktig skilnad som får meg til tru at denne kan ha blitt måla sist. Himmelen er ikkje lenger berre mørk. Den lyser som ein eld! Eit veldig nordlys lyser opp trolltoget sin ankomst. Tradisjonelt er det knyta mykje overtru til nordlyset, og på dette motivet er det liksom som vettene kjem ut av det. Legg også merke til at dei berre held fram med å komme, på ei lang rekke, frå oppe i åsen. Dette i motsetnad til Tyssedal-versjonane, der opptoget ser ut til å nærme seg enden.

For ytterlegare dramatisk effekt har Bergslien lagt til nokre tre i bakgrunnen, og det ser nærast ut som nordlyset har satt fyr på dei. Det er ikkje så rart at denne versjonen er blitt den mest ikoniske.

 TROLLGUBBEN

 


Denne pukkelrygga storkaren gjev inntrykk av å vere leiaren for opptoget. Han opptrer med verdigheit som er i sterk kontrast til mesteparten av følget hans. Til å begynne med er han ganske morsk, men blir blidare i J1, og det same gjeld for den stuttvakse kjerringa hans, som også alltid er med. Begge to blir også betre kledd for kvar versjon. I J3 har han eit like stort troll rett bak seg,  men i dei påfølgande versjonane ragar han over alle andre.

Sceneteppet ga mykje betre plass, og Bergslien utnytta dette. I J1 er plassen over garden blitt breiare og mykje meir synleg. Her trer Trollgubben fram som det naturlege midtpunktet, med større følge og nordlyset som ein imponerande bakgrunn.

 

 

UTHUSET/STOVA   



 "Jolereidi" blir rekna som eit humoristisk bilete, men i så måte er det ein detalj som skurrar litt med moderne auge, nemleg det som ser ut til å vere bortføringa av ei gardjente, med alt det impliserer. Ikkje desto mindre let Bergslien den detaljen stå ganske uendra gjennom tre versjonar.

 På J2 har kunstnaren lagt på to spelande nissar i midten, medan den synleg fulle nissen som rava rundt i midten av J3, er plassert bak desse. Ikkje at han ser ut til å ha noko imot det.

Viktigaste endringa på delen av biletet er at den høge, diffuse figuren frå J3 har fått mykje tydlegare trekk. Nå ser me tydeleg at ho er ei heks, eller trollkjerring. Og ei gjennomført heks også! Ikkje bere har ho sopelime, men også horn på ein skalla isse! Pluss store, spisse øyre.

I J1 er talet på figurar ved stova og uthuset noko redusert,. Mellom anna er ein nisse som har gått i bakken, teke vekk. Spelemennene som sto attved han i J2, er framleis med, men nå med ein annan utsjånad, og dei har fått følge av ein hund. Kanskje ein gardshund som prøver fåfengt å skremme vekk inntrengarane. Bukkeryttaren er også framleis med, og det i ein positur som er nesten uendra i frå gong til gong. Like eins den fulle nissen., sjølv om posituren han er annleis, meir lik den fra J3 enn J2, og dessutan har han mista luva si.


 Men heksa har blitt erstatta av noko som ser ut som ein prest, av alle ting. Litt av ein overgang! Meininga var nok satirisk, for Bergslien hadde ikkje overvettes med respekt for verken predikant- eller prestestand. Presten verkar mest opptake av å prøve å roe ned to nissar som slost, også dette ein detalj som blir lagt til først i J1.

STABBURET


 Fanden som spelar fele går igjen i alle tre versjonar, men merk deg at ridedyret hans er forskjellig kvar gong. Ei geit i J3, hest i J2 og reinsdyr i J1. Heksa/trollkjerringa i J3 som rir på sopelime foran, liknar ho ved uthuset i J2 - Ho har horn og store, spisse øyre, og ser skalla ut. I J2 er trekka hennar litt meir menneskelege, men det er framleis like tydeleg at ho tilhøyrer følget med liv og lyst.

Den unge dama ved sida av henne ser meir menneskeleg ut, men i motsetnad til tenestejenta ved stovehuset, verkar ho å vere i dette følget heilt friviljug. Om ho er juniorheks eller berre ei av dei "lausaktige kvinnfolka" som ofte skulle vere med i slike reier, er litt usikkert.


Nissen som har dette over ende foran dei to kvinnene, har endra seg lite frå gong til gong. Einaste skilanden er at han ikkje lenger har skjegg i J1. Ungjenta endrar seg også lite frå gong til gong, men heksa/trollkjerringa er enklare kledd i J1 samanlikna med dei to Tyssedalsversjonane. I denne versjonen har ho også fått med seg eit lite barn på armen. Ideen er kanskje at det er bortført, ein byting. Nok ei påminning om at Nils Bergslien ikkje gjekk over harelabb med folketrua.

 Som allereie nemnt, i J1 tok kunstnaren vekk nokre detaljar på tunet, kanskje for å gi meir merksemd til det skjer øvst. Ein av dei detaljane som eg saknar mest frå J2 og J3, er tenestejenta/kona med fjøslykta i den opne stabbursdøra. Biletet kunne trengt litt meir medverknad frå gardsfolket. Stabburet verkar nakent i J1, sjølv om Bergslien har lagt på eit gevir med julenek.

Men den spøkelsesaktige snømannen er med frå gong til gong, som ein skrekkslagen tilskodar. Eg har mistanke om at det er den vesle nissen lengst til venstre på biletet som laga den. Både høgda og det måpande uttrykket tyder på det. Eller kanskje det er eit barn som har laga snømannen likevel? I J1 er denne nissen fjerna, og ein kjelke er plassert ved sida av den nå meir einsame snømannen. Ser ein nærmare, kan det likevel verke som om snømannen ler i J1. Som om den til slutt morar seg meir enn den er skremt. Då er det kanskje ikkje for fjernt å tenke seg denne som ein identifikasjonsfigur.

 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Jolereidi

Åsgårdsreia er eit tema som Nils Bergslien fleire gonger vendte attende til. Eg har greidd å finne fem måleri med dette temaet. To av dei ka...