torsdag 21. desember 2023

Jolereidi


Åsgårdsreia er eit tema som Nils Bergslien fleire gonger vendte attende til. Eg har greidd å finne fem måleri med dette temaet. To av dei kan kallast for mytologiske. Tre andre er variantar av same motivet, og innhaldet i desse vil eg snarare kalle folkloristiske. Det er desse tre eg vil konsentrere meg om her.

* Jolereidi (1922) - Måla som sceneteppe, og befinner seg i bygget til Voss Ungdomslag, Vossevangen. Reprodusert for Frognerseteren Restaurant i Oslo nøyaktig 100 år seinare.

Heretter omtala som J1

Dette er kanskje Bergsliens mest ioniske bilde. Sjansane er store for at du har sett det, sjølv om du verken kjenner namnet på kunstnar eller verk. Bildet blir ofte brukt for å illustrere bøker og artiklar om overtru knyta til jula i gamla dagar.  Den dukkar også opp i andre samanhengar som har å gjere med jul og festleg lag; t.d. prydar den etiketten til Arvesølvets juleakevitt.

Grunna slitasjeproblem fekk eg dessverre ikkje lov til å ta detaljbilete av sceneteppet då eg studerte det på Voss Ungdomslag. I staden bruker eg eit høgoppløyseleg bilde (ovanfor) tatt av Kari Ringdal.


 Eg fekk lov til å ta eit bilde av på avstand, for å gi dykk eit inntrykk av storleiken. J1 er i mykje større format enn desse to andre, som er måla på mellomstore og små lerret.

onsdag 30. august 2023

Draugens sorg



(Utstilt i Matsalen, Tyssedal Hotell) 

Når han ikkje ferierte på Hardangervidda, reiste Nils Bergslien ofte til Tyssedal Hotell. Så ofte at hotellet har reist eit minnesmerke til han. Han frekventerte hotellet i ei tidsalder då bygda var i vekst grunna energi- og industriutviklinga.  Sjølve hotellet blei bygd av Aktieselskapet Tyssefaldene, og mykje brukt til forretningsmøter.

I kunsten hans finner me fleire døme på korleis Bergslien blei påverka av den nye tida han fekk sjå på nært hald.  

"Draugens sorg" er eit sjeldant døme på at hotellet har korrigert kunstaren sjølv (i alle fall i ettertid). Figuren på måleriet er ein fossegrim, ikkje ein draug. Draugar bur i havet, nøkkar bur i tjern, vatn og innsjøar, fossegrimar bur i fossar.  Ein ser dette også på fuglen som er avbilda nedst; det er ein fossekall:


Kunstnarens folkloristiske forvirring kan moglegvis sporast tilbake til eit anna måleri "Draug med havfrue" (utstilt på Galleri N. Bergslien, Eidfjord):


Måten Bergslien skildrar vasssvetter på, skil seg nemleg frå korleis han skildrar landvetter.  På den eine sida kan dei ha nokre ekstra tydelege ikkje-menneskelege karakteristika. Bergslien sin fossegrim, t.d. har store, spisse øyre, finner på leggane og svømmehud på føtene, Men kroppsbygginga er meir menneskeleg. Av kroppsfasong er vassvettene er nærmast renessanseaktige. I alle fall er dei meir kontinentale av utsjånad enn dei røslige landvettene (i første rekke nisssane).  Bergslien si framstilling av draugen i "Draug med havfrue" er ganske flatterande, og i alle fall veldig ulik Theodor Kittelsen sine meir kjente og meir monstrøse draugar. 

Når det gjeld framstillinga hans av fossegrimen er Nils Bergslien tettare opp til den norske tradisjonen. Også her er det nemleg Kittelsen som sit med mykje av definisjonsretten. I teikninga hans frå 1887 ser fossegrimen ganske menneskeleg ut. Denne teikninga kan ha inspirert Stephan Sindings Ole Bull-monument i Bergen, der Ole Bull opptrer med denne fossegrim-figuren:


Ole Bull-monumentet blei avduka i 1901. Bergsliens bilde kom nok ei god stund etter dette (sjå neste avsnittet), så det er mogeleg at Bergslien kan ha tatt inspirasjon herifrå også. Ikkje minst fordi både Sinding og Bergslien sin grim har harpe i staden for fele. Legg merke til at draugen i "Draug med havfrue" også er avbilda med harpe. Kanskjet syntes Bergslien at det var eit meir poetisk instrument, i alle fall i avbildingar, enn fele. I alle fall er det eit instrument som er lettare å støtte seg på for ein sorgfull fossegrim.

Sinding sitt val av instrument er elles litt interessant med tanke på at grimen er skulptert med den store fiolinvirtousen i norsk kulturhistorie. Både nøkken og fossegrimen har rykte for å vere særs gode til å spele fele, men berre grimen er kjent for å lære dette bort til menneske. Noko som truleg er grunnen til at han figurerer på eit monument over Ole Bull. 
'
Poenget med "Draugens sorg" er elles at fossegrimen ikkje lenger har nokon foss. Den er lagt i røyr.  Utvinning av vasskraft i bygda tok fart då Tyssefaldene blei oppretta i 1906. Den første anleggsperioden var frå 1906 til 1908. Måleria på Tyssedal Hotell er ofte ikkje merka med årstal, men ein må gå ut frå at "Draugens Sorg" er måla nokre år etter dette. Tyssedal Hotell opna den 16. mai 1912. 

Motivet er emosjonelt, men har på same tid ein satirisk snert.  "Draugens Sorg" uttrykker nok ikkje så først og fremst ei lengt etter dei game dagar før industrialiseringa av Hardanger. Føremålet til kunstnaren er meir å observere enn å protestere. Han skildrar møtet mellom gamalt og nytt, der det gamle er representert av fossegrimen. Når vetteverda og menneskeverda møtes i Bergliens bilder, er det ofte slik at vettene har overtaket. Men ikkje denne gongen. 


søndag 30. juli 2023

Nissen i fjellet



Når me skal utforske Nils Bergsliens naturmytiske landskap, er det mest naturleg å begynne med nissane. Nissane er kanskje det mest kjente tilbakevendande motivet hans. Delvis skuldast dette at nissar var populære postkortmotiv, og postkort var ei viktig inntektskjelde for mange kunstnarar. Men Bergslien har tydeligvis også valt sjølv, ved fleire høve, å bruke nissar i måleria sine

Ikkje berre er nissane overalt i Bergsliens kunst, men dei har også nokre spesielle karakteristikkar. Som dei fleste nissar i norsk kunsthistorie går dei med raud toppluve og gamle bondeklede, Men dei er større enn dei moderne "postkortnissane", som me kan sjå av dette bildet. Dei har sjeldan heilskjegg, men nesten alltid kinn-og kjakeskjegg. Og framfor alt har dei ein spesiell kroppsfasong: Kroppane er kraftige og kulerunde, medan armar og bein i kontrast er tynne. Dette gir dei ein noko unaturleg utsjåande fysikk som minner oss om at dei ikkje er heilt som menneske. 

(Dnene skildringa gjelde for mannlege nissar og tusser. Dei kvinnelege er tvert imot lange og tynne. Dette vil eg komme tilbake til i ein seinare presentasjon.)    

Ein slik måte å illustrere nissar på er ikkje heilt unik;  ein samtidig norsk kunstnar med mange postkortoppdrag, Andreas Bloch, framstilte også nissar med kraftige kroppar (relativt til storleiken), men med tynne bein og armar. Skilnaden er at Bloch sine nissar også hadde abnormt store hovud, og dessutan var mykje mindre, omtrent på storleik med vaksne huskattar. Dei verkar difor meir endå meir karikerte enn Bergsliens haugbønder. 

Til denne første presentasjonen vil eg samanlikne eit av Bergsliens mindre kjente nissemålerier med eit av dei mest kjente. Begge er typiske for kunstarens naturmytiske tradisjon.   


Nissen i fjellet

(Utstilt i Matsalen, Tyssedal Hotell) 

Nissane til Bergslien kan bu på garden, men ofte bur dei, som tittelen på dette verket tilseier, nettopp på fjellet. Skjønt, akkurat i dette motivet er me vel berre eit stykke opp i åsen, langt nok nede til at menneske kan komme i skade for å nærme seg nissens einemerker på veg heim frå å sanke brensel, som eg vil tru er det denne bonekona og dottera hennar har halde på med. Vegetasjonen minnar oss om at me framleis er under tregrensa; i grenselandet mellom menneska sitt domene, og vettenes.  Dette blir ytterlegare symbolisert ved av trea er pistrete og gamle (noko som truleg er grunnen til at kona kom opp hit, for å finne daude tre).


Møtet mellom folk og nissar (for ikkje å nemne andre vetter) er ikkje alltid ufarlege i Bergslien sine motiv. Vettene er ikkje berre snille. Dei kan vere skøyaraktige, ubehøvla og i nokre få tilfelle har dei vonde hensiktar.  Dette møtet er ein av hans meir godslege, men dottera er tydeleg skremd. Kva kona tenker er litt meir uvisst, ettersom me ikkje kan sjå andletet hennar tydeleg. Truleg er ho også skeptisk. Ikkje at nissen ser ut til å ta seg nær av det. Han ser ut til å more seg over situasjonen, noko som også er typisk for Bergsliens sine vetter. Sjølv når dei ikkje gjer menneska noko, kan dei likevel more seg over menneska si frykt.     

Ein kan elles merke seg at denne karen er litt enkelt kledd, sjølv til nisse å vere. Nissane til Bergslien er som nemnt ganske bondske kledd, men vanlegvis er dei meir ordentlege i tøyet enn han her. Til samanlikning kan me ta ein kikk på eit av Bergsliens mest ikoniske nissebilder:


Nissen smakar på drykken

 (måla 1900, utstilt på Galleri Berglien i Eidfjord)   

 
Her er me ikkje lenger i noko grenseland mellom menneske og vetter, langt mindre på låven.  Dette er tydeleg på vettene eine einemerker; i Berget det Blå. Verda deira er innsnevra her, bildet har ganske få detaljar, ikkje minst i naturlandskapet. Men det ser ut til å gi ei kjensle av tryggleik og ro for dei avbilda skapningane. Nissane føler seg heime, dei slappar av. Fremst sit ein litt meir velkledd (etter vetters standard) nisse i ein svært bedageleg posisjon, med både pipe og fatøl. Han kosar seg, noko ein ser tydlegare i nyansane dess nærmare ein studerer bildet. Kanskje er det kvelden. Fargen på himmelen, og måten lyset blir reflektert på i berget, kan tyde på det, saman med lampa på hans venstre side.

Motivet er, som allerie antyda, godt kjent. I tillegg til at måleriet figurerer på postkort og kunstplakatar i Galleri N. Bergsliens suvenirbutikk, er denne bedagelege nissen også avbilda på eit stort skilt utanfor galleriet.



I bakgrunnen tappar ein anna nisse (kroppsfasongen er ikkje til å ta feil av) øl frå den same tynna som den sittande nissen må ha henta drykken sin frå. Kanskje er det ein ny sats, og dei to nissegubbane gjer seg klare til å testen den nå i kveld. Ein merkar seg elles at nissen ved tynna ikkje tappar i eit glass, som det den andre nissen kosar seg med, men snarare i ei skreppe eller ein stor trekopp. Kanskje han tek med seg drykken som niste? Eller kanskje er han av lågare byrd, ein bryggeassistent eller noko, og må ta til takke med tre i staden for glas. Bergslien sine nissar er avslappa og skjelmske i møte med menneske, men i sine eigne samfunn verkar dei meir opptekne av stil, manerar og hierarki.




onsdag 8. mars 2023

Velkomen!

Nils Bergslien (1853-1928) var norsk kunstmålar, fødd på Voss, med ei viss kunstnarisk stamtavle å vise til; han var brorson til kunstmålaren Knud Bergslien og bilethoggaren Brynjulf Bergslien. Nils var elev på Eckersbergs Malerskole i Kristiania frå 1869, seinare på Knud Bergsliens Malerskole. I 1873 tok Knud han med til verdsutstillinga i Wien, to år seinare reiste han på studietur til Telemark saman med Gerhard Munthe. I 1876–1878 studerte han ved kunstakademiet i München under professor Otto Seitz.

Frå tidleg i 1880-åra hadde han heim og atelier i Eidfjord. Produksjonen hans er variert, og omfattar mellom anna bildekorta i kortstokken "Peik", bronserelieffet «Ridande vossabrudlaup» på Voss, altertavlene i Granvin kyrkje og Oppheim kyrkje, og fleire ungdomslagsfaner i Hardanger og på Voss.

Men aller best kjent er måleria hans, Mange av desse er utstilt på Eidfjord Hotell (Galleri Bergslien) og Tyssedal Hotell, og ved eit besøk ser ein snart at dei fleste kan plassarast i ein av tre kategoriar: 

1. Muntre munkar - Inspirasjonen til å måle munkar sitt daglegliv fekk han truleg under studieopphaldet i München.

2. Naturlandskap - Særleg frå Hardangervidda, som han budde i nærleiken av. 

3. Naturmytiske motiv - Bergslien sine landskap er rike på det mystiske. Best kjent er han for dei karakteristiske nissane sine, men også ymse troll og vassvetter går igjen i bileta hans.


Bergslien-minnesmerket ved Tyssedal Hotell

 

Det er dei sistnemnte som me her skal konsentrer oss om. Bergsliens naturmytiske bilete er kome i skuggen av det Theodor Kittelsen laga innan same feltet, men mange av motiva hans er verkeleg ikoniske, anten ein kan namnet på kunstnaren eller ikkje.  Vettefolket i Bergslien sine motiv er skildra med både humor, intensitet, sterk symbolikk, rik fantasi og skrekkblanda fryd

Denne sida er dedikert til studier og analyser av Nils Bergsliens mange naturmytiske arbeider.

Eg kjem til å begynne med å fokusere på måleria som er stilt ut på Tyssedal Hotell utanfor Odda. Alle fotografier som blir brukt er mine eigne viss ikkje noko anna er spesifisert.


Kjelder som blir brukt i desse artiklane:
Katalogen til Tyssedal Hotell
Bergslien-målarane: Folkeliv i fargar av Thor Warberg (Selja Forlag, 2008)
Mellom to verdener - mystikk og myter i norsk kunst 1850-1950, red. Tone Sinding Steinsvik (Blaafarveværket, 2022)
Dei tre Bergsli-kunstnarane av Magnus Dagestad (eige forlag, 1945)
Eit portrett av Nils Bergslien : kunstnar eller handverkar? (Alf Borge, 1993)
snl.no – Norsk biografisk leksikon
eidfjord.kommune.no





Jolereidi

Åsgårdsreia er eit tema som Nils Bergslien fleire gonger vendte attende til. Eg har greidd å finne fem måleri med dette temaet. To av dei ka...